lørdag 31. mars 2012

På tide med eit til Halldis Moren Vesaas dikt


HAV OG KONKYLIE

Eg leika med ei stor konkylie
den tid eg var barn.
Ho var så forunderleg laga
at la eg henne til øyra og lydde
brusa havet like ved,
havet som var fjernt som ei segn.

Eg ligg ved di bringe og lyder
til ditt hjarte der inne.
Det er som eg åtte heile havet
i ei konkylie påny,
og eg ligg og lyder og drøymer
lange, underlege draumar om havet,
det evige allkjærleikshav
som brusar igjennom ditt hjarte. -
                    Halldis Moren Vesaas

torsdag 29. mars 2012

Tor Jonsson dikt


Til ein namnlaus
Kven skal eg takke
for det eg fekk sjå
sola gå under
og berga bli blå?
Kven skal eg takke
for all denne æra
i dette å gå her
og vera og vera …
Kven skal eg takke
for det eg fekk li
så gleda fekk grunn
å røte seg i?
skogen har gøymt meg
og jord har eg femnt,
men kven eg skal takke
har ingen nemnt.
Det bleka mot blånar
i nattsvarte brunn,
men takken låg blodlaus
som bøn i min munn.
Kven er du, gjevar?
Kvi teier du still?
Di ordløyse fører
ein vantru vill.
Du namnlause gjevar,
eg får ikkje fred
før eg kan takke
for alt som laut skje ---
Men kjem du kje nær meg
Så takkar eg henne
du gav meg for det eg
Skal brenne og brenne ---
                            Tor Jonsson

onsdag 28. mars 2012

På tide med ein liten sang igjen...

På tide med eit svensk dikt... men i Jan Erik Vold si omdikting...


Som å være barn

Som å være barn og få en enorm fornærmelse
trædd ned over hodet som en sekk
gjennom sekkens masker skimter man solen
og hører kirsebærtrærne nynne.

Men det hjelper ikke, den store fornærmelsen
dekker hode og torso og knær
og man beveger seg sporadisk
men kan ikke nyte våren.

Ja skimrende lue, dra den ned over ansiktet
og stirr ut gjennom maskene.
Ute på sjøen myldrer vannringene lydløst.
Grønne blad gjør jorden mørk.

Tomas Tranströmer
(oversatt av Jan Erik Vold)

søndag 25. mars 2012


Stundom
stundom møter vi menneske som
hentar fram det beste i oss.
Mennesker som opnar for våre
kjelder, som lokkar fram våre
fargar... -som aukar varmen
i våre liv.
Stundom møter vi menneske som
ser bak våre skal så vi gløymer
vi har dei og glitrar fram i
vår prakt.
Menneske som vi ber i oss etterpå
med takksemd.

Bente Bratlund Mæland

Månens elev

fredag 23. mars 2012

Diktet som berre ER Telemark...

Snø og granskog

Tale om heimsleg -
snø og granskog
er heimsleg.
Frå første stund
er det vårt.
Før nokon har fortalt det,
at det er snø og granskog,
har det palss i oss -
og sidan er det der
heile heile tida.
Meterdjup fonn
kring mørke tre
- det er for oss!
Innblanda i vår eigen ande.
Heile heile tida,
om ingen ser det,
har vi snø og granskog med.
Ja lia med snøen,
og tre ved tre
så langt ein ser,
kvar vi er
vender vi mot det.
Og har i oss ein lovnad
om å koma heim.
Koma heim,
gå borti der,
bøye greiner,
- og kjenne så det fer i ein
kva det er å vera der ein høyrer til.
Heile heile tida,
til det er sløkt
i våre innlandshjarte.
                      Tarjei Vesaas

I dag får det bli eit dansk dikt....

Når dagen drejer

Smag af hagl og blod
når angsten kommer
når dagen drejer
og mørket tager mit ansigt

det rene snit
hvor jeg tror på intet
andet end
intet
        Pia Tafdrup

torsdag 22. mars 2012

Kloke Hans Børli ord...

Å skrive dikt

Nei da - det er ikke vanskelig å skrive dikt,
det er umulig.
Tror du jeg ellers hadde holdt på med det
i over 40 år?

Prøve bare, prøv
å sette vinger på en stein, prøv
å følge sporet etter en fugl
i lufta.

  Hans Børli

Han sa minst ein gong om dagen, må bli ein sang òg idag...

Flinke, flinke Trine...

onsdag 21. mars 2012

Olav H Hauge dikt

DIN VEG

Ingen har varda den vegen
du skal gå
ut i det ukjende,
ut i det blå.

Dette er din veg.
Berre du
skal gå han. Og det er
uråd å snu.

Og ikkje vardar du vegen,
du hell.
Og vinden stryk ut ditt far
i aude fjell.


                              Olav H Hauge

tirsdag 20. mars 2012

Kan ikkje berre ha alvorlige dikt....

ÅSE FANTEMOR

Åse fantemor sat sessa uppved klokkaren sitt bord,
og drakk kaffi medan klokkarkona skjenkte.
Uppi trynet var ho svart som Guds hellige jord,
og som kopparkjelar kjakane blenkte.
Og den tannlause munnen som ei kaffikvern gjekk,
han var diger med eit skurvete sår på,
og på nasa, der ein dinglande nasedrope hekk,
sat ei vorte med eit kvitkrulla hår på.

Og Åse fantemor la i seg som ho likaste vann,
og mol uppatt den-der utgamle leksa
um dei borna ho laut dragast med, han Carl Johan,
og Sara, den farbannade kreksa,
dei som aldri tok formaning eller kristeleg tukt,
um ho trekste dei med staurar og stenger,
og som stelte seg so vanskapt, at no rapa det vel lukt
inn i heitaste med båe tvo, ja lenger.

Det var mest som det var utgjort med han Carl Johan,
for ilag med eit par utkropne fantar
slo han helselaus ein fredeleg og farande mann,
og tok frå honom ei vøle med kontantar.
Men fekk mor hans noko studnad då han tura og var rik?
Neigu såg eg kje so pass som ei krone!
Men no sat han som ein slave innpå fengselet i Vik,
og drakk vatn og togg stomp for å sone.

Og ho Sara var ei krekse for Vårherre, som sagt,
og alt arbeid liksom pesten ho hata.ø
Difor siglde ho til Bergen på ei bomsiglarjakt,
og slo pengar der um nættene på gata.
Ho stod i det som ei herrefru med dundrande kalas,
so når dagen rann låg alltingh i eit røre.
Men dei pengane ho tente gjekk til brennevin og stas,
so ho som mora var såg aldri eit øre,

Og Åse fantemor for borna sine gret ein liten skvett,
slik at tårene dei trilla etter nosa.
Sidan strauk ho seg på magen og sa at ho var mett,
og so rapa ho og snytte seg i dosa.
Og då dette var gjort unna tok ho pipa si fram
og fekk karve seg ei skrå på bakstebotten.
Men ho mulla då ho kveikte at ein drusteleg dram
hadde jagu vore helsesam tor skrotten.



Jakob Sande

søndag 18. mars 2012

BLIKK

Armer, bein og nervetråder
glass, bord og stolbein

Da strøk du meg
med innsida av blikket ditt

Langsomt løsnet knuten

                      Svein Helge Kalvø
turist-glimt II

vi må slutte å slåss
sa prestefruen fra Chicago
vi må bli som en eneste
stor familie
her i verden
og jeg
som hadde en hyggelig
promille på sherry og rødvin
nikket rørt og sa
skål på det

som en eneste stor familie
gjentok prestefruen
alle vi hvite i verden


- tufse (Gerd S. Færden), 1969

fredag 16. mars 2012

Eg held meg til nynorsken i dag òg...

Møte

Møtte deg.
Du var trøytt. Andletet ditt bar spor
av gøymt smerte. Ting du hadde sett
inn i. Mål du ikkje hadde nådd.
Ein dirrande varme fylte meg. Eg
ville strekkja handa fram og røra ved
runene i andlete ditt, varsamt.
Vi sto der, nær einannan. Oppfatta
tause, uuttalte signal. Blikka våre
møttes nokre korte, sterke sekund.
Med avstand, innlært, høfleg sende
vi orda mot einannan. Men bak orda,
i orda, møttes vi, taust, nakne.
Eg gjekk frå deg med ei litt opnare
dør - mot livet.

Bent Bratlund Mæland

torsdag 15. mars 2012

I dag let eg Aslaug Høydal få ordet

                                               KULDE
                                Det er kaldt i verdi
                                du må kled deg vel
                                viss ikkje lygn og urett
                                skal nå di sjel.
                                                       A Høydal

onsdag 14. mars 2012

Tarjei Vesaas sine sterke ord om angst.

DET ROR OG ROR

Dagen er faren
– og det ror og ror.

Det mørke berget,
mørkare enn kvelden,
luter over vatnet
med svarte folder:
Eit samanstupt andlet
med munnen i sjøen.
Ingen veit alt.

Det ror og ror,
i ring,
for berget syg.
Forvilla plask på djupet.
Forkoment knirk i tre.
Forvilla trufast sjel som ror
og snart kan sugast ned.

Han står der òg
den andre,
han i bergfoldene,
i svartare enn svart,
og lyer utover.
Lam av synd.
Stivt lyande.
Stiv av støkk
fordi her ror –

Då må det gå blaff og blå-skin
fram og attende
som heite vindar
og som frost.

Det ror og ror i natt.
Det ser og ser ingen.
Ingen veit
kven som slikkar på berget
når det er mørkt.
Ingen veit botnane
i Angest sjø.
Ingen veit
kven som ikkje kan ro.
 Tarjei Vesaas

tirsdag 13. mars 2012

Mitt favoritt dikt.

EINSAM FLYGAR


Barn, ikkje le av den fuglen

som flaksar så hjelpelaust av stad.

Vinden har skilt han frå dei andre

som flyg over havet i ei jamn, tett rad.



Vinden stor ut denne eine

og kasta han ut av den usynlege lei

som fuglar av hans slag plar følje.

Han er ikkje lenger ein av dei.



Sin eigen veg må han finne,

eller? om han trøytnar om litt?

si tapt, la seg falle, gå under,

slik går det desse Einsame tidt.



Det mørknar vidt over havet.

Ei Frostnatt kvesser sine Järn.

Ein fugl flyr Einsam under stjerner.

Ikkje gråt for denne fuglen, barn.


                        Halldis Moren Vesaas