lørdag 28. april 2012

Aslaug Høydal tankar som er verdt å tenke over...


PIGGTRÅD

Aldri har eit venskap vorti knytt
over eit piggtrådgjerde.
Og aldri kolnar hatet langs
ei piggtrådsperring.
                Aslaug Høydal

onsdag 25. april 2012

Så var det tid for dagens dikt...


FÅKUNNA

Den mest vonlause kamp i verdi
er kampen mot fåkunna.
Jamvel vismannen står
hjelpelaus.

Menneski får leva vidare,
trygg i si fåkunne. 

             Aslaug Høydal

mandag 23. april 2012

Halldis Moren Vesaas kunne skriva fint om alt...

NY KVINNE

Ho la seg i gårkveld og var berre barn.
Ho vaknar i dag - og er kvinne.
Det hende i natt. Med ho låg her og sov
var timen for underet inne.

Kor allting er annleis i dag enn i går!
Ho er både glad og alvorleg.
Å leve - det er visst vedunderleg rikt!
Og kanskje forferdeleg fårleg?`

               Halldis Moren Vesaas

Nå er det på høg tid med eit Jan Erik Vold dikt...


fredag 20. april 2012

"BARN AV REGNBUEN"



Etter Anders Bering Breivik sine forklaringar om at Lillebjørn Nilsen er ein marxist som filtrerer kultursektoren og at denne sangen er eit eksempel på korleis norske skuleelevar vert hjernevaska, så ser eg det nesten som ei plikt å spele den minst ein gong om dagen...

torsdag 19. april 2012

Berre eit kort dikt i dag...

SNERK

den snerken på hjernen

betyr berre ein ting

min barndoms kakao
har kolna
mens eg var ute og flaug
                               Einar Økland

onsdag 18. april 2012

TO KJÆRLEIKSDIKT



To kjærleiksdikt…
Begge av Halldis Moren Vesaas.
Begge fra hennar siste diktsamling «Livshus».
Eg må nesten poste dei i lag, for sjølv om eg er utrulig glad i kvart eit av dei, så gir dei meg ei ekstra glede når dei står i lag…
Frå boka vart varsla og til den kom ut så gjekk eg spent og trippa i forventningsfull glede… før boka kom i butikk hyllene så døde Halldis Moren Vesaas 87 år gamal. Dette gjorde ikkje spenninga mindre, no var det garantert at dette var den siste samlinga som kom frå den dama.
Og boka var ingen skuffelse… Trur kanskje orde eg synes skildrar den best er LEVANDE.
Og blant alle gullkorna i boka så står då desse to kjærleiks dikta etterkvarandre… Dikt ho skreiv til Gisle Straume etter dei fann kjærleiken hjå kvarandre heilt sist i livet.  


Ferdaminne frå sommaren 1985

Vi har fått rom i 2. etasje.
Da er det vel ingen vits
i å ta heisen?

Sei ikkje det.
Vi tar alltid heisen,
opp og ned.

Innestengd i den vesle boksen
blir vi med eit
så inderleg to-eine
at vi må kysse kvarandre
så snart heisen set seg igang.

Korleis det er inni deg
den blunken det varer
veit eg ikkje.
Men inni meg bobblar kavar gong
ei lita spenning:
Rekk vi det?
Rekk vi det før heisen stansar o
og vi må ut?
Og jammen rekk vi det
gong etter gong etter gong.

Vi tar alltid heisen



Er da ikkje herlig..? Tenk då… Halldis Moren Vesaas var født 18 november 1907, kjapp håverekning seier oss då at ho gjekk mot 78 år sommaren 1985… Nesten 78 år gamal skreiv ho slik, skreiv så ungt, friskt, ertande, muntert… skreiv så sprudlande levande…
Da er STORT… da diktet i seg sjølv er nok til at eg er kjempe glad for at Halldis Moren Vesaasd forelska seg og vart kjærast med Gisle Straume så seint i livet.
Diktet om kyssing i heisen gjer meg glad.
Diktet som stod på sida før i boka var som nevnt òg eit kjærleiks dikt… men eit heilt, heilt annerledes kjærleiks dikt, da diktet er lyrisk, ærbødig, ydmykt, respektfullt, høgstemt (alt på ein gong)… eit fantastisk dikt som nok må seiast ha høgare litterær kvalitet. Sjølv om diktet om kyssing i heisen får meg glad og munter, så er dette andre heilt klart det flottaste kjærleiks diktet eg nokon sinne har lest… Diktet eg snakkar om kjem her.














Har vandra så langt -

Har vandra så langt og så lenge,
på sprek – og på mødig – fot.
Har framleis stor vandrarglede ,
framleis stort vandrarmot,
men veit sjølvsagt at kanskje
alt bortom neste sving
krasar det is på vegen
og markene kvitnar ikring.

Veit det. Har tenkt: Av livsens blomar
har du fått plukke så mange.
Det veks ikkje fleire av dei, for deg.
Kvite og utan ange,
kalde og stive er dei som står
og ventar deg no, i eit ukjent land,
og når du rører dei, kvitnar
og stivnar som dei di hand.

Roleg vandrar du vegen fram.
Rundar den svingen. Kva skjer?
Du stansar, blir ståande, kan ikkje tru
at det er sant, det du ser:
I staden for dødens blomsterhage,
kald, kvit og stiv,
duvar framfor deg eit vell av blomar
som gløder av liv, av liv -

og nær deg kviskrar den kjæraste røyst:
Visst er det sant. Du skal tru
dettte du ser. Det er ditt. Det er vårt.
Det er oss. Det er eg og du.



Så utrulig flott skrevet… sjølv om eg endo har litt tid igjen til eg kan identifisera meg med desse or da så er det blitt eit av dei absolutte favoritt dikta mine, blitt eit dikt eg tek fram igjen og igjen og igjen for å kose meg med det, beundre det… Begge dikta gir meg masse, masse, masse, men ilag gir dei meg endo meir… Saman viser dei slik bredde i det som budde i Halldis Moren Vesaas, blir litt bevis på kor mykje ho gav av seg sjølv i det ho skreiv
bevis på korleis ho hang med i tida, blir bevis på at ho kunne fornye seg… og gir kanskje eit håp om at livet ikkje tek slutt sjølv om ein rundar både 40 og 50 og 60 og 70 og endo meir enn det… eit håp om at det går ann å bevar livs appetitt, entusiasme og la seg rive med, sjølv om tenåra er tilbakelagt for lenge, lenge, lenge sidan…