tirsdag 29. oktober 2013

Har ikkje lagt ut noko av Tarjei Vesaas sidan april, det er alt, alt for lenge sidan...

Bortom det som seiest


Solsprett.
Skire Gud
og tinden.

Kappa, lett og bleikraud
breiest over.
Snøen logar,
det er alt ein ser.

Skuggens dal nedunder.
Djupt i slukte under.
Isen grøn i elva.
Ikkje anna skjer.

Snøtinds rot og feste.
Berget luter nederst,
svart i skuggens skugge,
nakent, vått, som skuldig.
Bortvend, blind og bunden
fjellvegg stuper ned.

- - -

Haldt ut, sjel i berg.
Einsleg, stengd, elendig,
fjernt frå gylne tindar,
fjernt frå gudens kappe,
trassig i sitt stengsel,
bortom det som seiest.
Haldt ut enno, enno:
det som skapest,
det som lykkast,
alt er bygt på det.


Tarjei Vesaas

fredag 18. oktober 2013

Monsun tid og regn i Thailand i dag, då e da berre ein ting å gjer, berre eit dikt som gjer nytta...

...på skikkelig sure og triste regnværs dagar er det einaste diktet som kan lyse litt opp eit barnedikt...
sjølv om det ikkje er norsk vår rundt meg, men monsun i Thailand, så måtte Rune Belsvik fram i dag...



”Sølesong om våren”.


Sjå kor allting smeltar no, no tinar fuglesongen,

Sjå kvar snømann veltar jo, og der ligg den ballongen,

Der ligg spaden frå i fjor, der står naboen og glor,

Og kyrne utpå bøen, no stig dei fram or snøen.

Hopp og sprett i sølepytt, ut å skli – inn og bytt.

Jammen santen tullefanten, hoppa i på nytt.



Blomane spring ut igjen, me fangar dei i vase,

Kjell får fotballsko og skjenn, og kviser på si nase,

Kom, me klatrar heilt til topps, kanskje får me kvar vår drops,

Og plasterlapp på kneet, viss me fell ned frå treet.

Hopp og sprett i sølepytt, ut og skli- inn og bytt,

Jammen santen tullefanten, hoppa i på nytt.



Jammen er det våren, du, ja, no er han tilbake,

Kor kan han ha vore, tru, med sol og sølekaker?

Alt som glei står no i ro, akebrett og glatte sko,

Mens kyr og ungar brølar, og veltar seg i søla.

Hopp og sprett i sølepytt, ut og skli- inn og bytt,

Jammen santen tullefanten, hoppa i på nytt.

Rune Belsvik


onsdag 16. oktober 2013

Eg sa eg skulle finna noko anna enn eit dikt om angst og uro i dag...




VALKYRIEN ALLSTARS

Fyll mitt beger på ny

Har vore ein del dikt med angst og uro nå... love å ver muntrare i måro...


HELT SIKKERT

Må jeg ha
kontroll

eller er det
andre

som kontrollerer meg

Jeg vet aldri
helt sikkert

Det suser
i ørene
flimrer for øynene

klarer jeg
å stå støtt?

Jeg tror det
ikke

helt sikkert

Bente Killingstasd Føyn

tirsdag 15. oktober 2013

Ei lita reise med dårlig nettilgang skapte ein liten pause her, men her kjem eit dikt...



HOLD SINNET DITT MJUKT

- Hold sinnet ditt mjukt,
sier en stemme i vinden.
- La det ikke stivne
av år og alder. Smør det
med dagenes gule soltalg,
dynk det med dogg fra en blomsterkalk,
garv det i motgangs bitre saltlake.
Hold sinnet ditt várt og villig
som greina i brisen:
en hvileplass for fugler
med vingen blå av himmelduft.

- Hans Børli -

onsdag 9. oktober 2013

Dansk lyrikk har òg sine gullkorn...


Går hver min vej

går hver min vej
hvor vejen deler mig
svarer en stemme
der kalder over kløften
og mens mine veje krydses
længre fremme høres mit ekko
her hvor jeg skiltes

           Camilla Christensen

søndag 6. oktober 2013

Det er nynorsk som er språket eg helst vender meg til i lyrikk...



Løktastolpefrø

eg vil barre
planta noken pittesmå
løktastolpefrø
utpå våren eingong
skal me gjedna
bjønda å skimta
kvarrandre


Ingvar Moe

lørdag 5. oktober 2013

Piet Hein vert ikkje oppbrukt...




DET ER NAIVT

Det er naivt
at tro, at dette liv
kan leves,
hvis man ikke er naiv.

                       Piet Hein

Halldis Moren Vesaas dikt kan det aldri bli nok av...

NY KVINNE

Ho la seg i gårkveld og var berre barn.
Ho vaknar i dag - og er kvinne.
Det hende i natt. Med ho låg her og sov
var timen for underet inne.

Kor allting er annleis i dag enn i går!
Ho er både glad og alvorleg.
Å leve - det er visst vedunderleg rikt!
Og kanskje forferdeleg fårleg?`

Halldis Moren Vesaas

fredag 4. oktober 2013

Egentlig er det berre eit Inger Hagrup dikt eg virkelig har eit forhold til...


Mauren

  Liten?
  Jeg?
  Langtifra.
  Jeg er akkurat stor nok.
  Fyller meg selv helt
  på langs og på tvers
  fra øverst til nederst.
  Er du større enn deg selv kanskje?


Inger Hagrup


Men til gjengjeld meinar eg vel at detta er eit av dei (hvis ikkje det) aller, aller beste barnedikt som nokon gong er skrevet...

torsdag 3. oktober 2013

Terje Dragseth kjenne eg ikkje noko til... men snubbla tilfeldig dette flotte diktet hans...

 

 

Det eg eg kallar eg

 

 

Gjeng i gågata
med ei ape i den eine handa
ein engel i den andre

dei e båe
like framande for meg
men eg elskar dei som gamle kjenningar

eg lukkar meg i ein overdriven oppmerksomheit
eg fnoge og åpnar frendehendene:

engelen er ein galning frå min heimstad
apa kjekkar seg med min raude hatt
og gjer seg ut for å vere meg


Terje Dragseth

Si eg var så treg med å legge ut noko av Hans Sande så får han heller få to dagar på rad...


Hudlause i alle land
stå saman!
Dekk kvarandre med skimrande hudfiller
Gjenoppliv kvarandre med munn
mot munn mot munn
ordkyss
ord
dryss utover dei frosne markene
Ligg ned
Lag englar
som reiser seg og følgjer gjennom stormen


Hans Sande

onsdag 2. oktober 2013

Hans Sande har jo ikkje fått ver med i denna bloggen før... ops, slik kan da ikkje ver...



Magen stryk seg oppetter himmelen
sola duppar seg i honning
gule fuglar flyg inn og ut av pupillane
pusten
eg miste pusten
og fann han igjen i munnen din
heilage ande
fuktig

Hans Sande

Herlige ord frå diktsamlinga Tigeren Talar Tydleg...

tirsdag 1. oktober 2013

Eg likar det når Marit Tusvik skriv for born...

På gjennomreise

 Flodhesten gjekk
gjennom gatene
så naturleg
han berre kunne
for ikkje å vekke oppsikt.
Likevel glodde folk enormt
og ein modig mann spurde:
"Kvifor går du her
gjennom gatene våre,
du - eit typisk sumpdyr?"
"Kan vi ikkje la det
vere eit mysterium?"
svara flodhesten.


Marit Tusvik

lørdag 28. september 2013

Kan jo ikkje diskriminere Karin Boye berre for ho ikkje var norsk...

 

 

OSÅRBAR


Osårbar, osårbar
är den som fattar ursprungsordet:
Det finns inte lycka och olycka.
Det finns bara liv och död.

Och när du har lärt det och slutat jaga vinden
och när du har lärt det och slutat skrämmas av blåsten
så kom tillbaka och lär mig ännu en gång:
Det finns inte lycka och olycka.
Det finns bara liv och död.

Jag började stava, när min vilja föddes,
och slutar stava, när min vilja har upphört.
Ursprungsordens hemlighet
förvärvar vi intill döden.



 Karin Boye

fredag 27. september 2013

I dag gir eg ordet til Stein Mehren...

 

 

Store spørsmål

 

De store spørsmål har ingen
løsninger, har ingen svar
Store spørsmål er ikke til
for at vi skal besvare dem
Men for at vi skal leve dem

De største gåtene forblir
gåter. Og det er som gåter
de lar oss forstå vår plass
i verden, idet de ubønnhørlig
setter oss på plass i oss selv


Stein Mehren

onsdag 25. september 2013

Forfattaren eg har funnet fram til dette innlegget er Anne E. Danielsen..






CHECKPOINT





Det var først da du ba meg forklare mine handlinger at jeg oppdaget at jeg var stum. Ikke en lyd kunne jeg produsere. Bare betrakte deg med noe jeg håpet var et bønnlig blikk og satse på at du skjønte at det ikke var uvilje. Du vred hodet mitt oppover til høyre så munnen min åpnet seg

 Anne E. Danielsen

lørdag 21. september 2013

Norge har masse god lyrikk om angst og nerver, som dette Gene Dalby diktet...



Nerver

Jeg har ikke mye å tilby
Stort sett bare nerver
Skal det være en bunt?

Gene Dalby

DAG 10 AV 10 MED JAKOB SANDE...

Åy... siste Jakob Sande dagen er her... ka skal eg finne på å velge å dele i dag då... e jo så masse å ta av... kunne nok hatt 100 Jakob Sande dagar eg uten å ha problem å finne noko verdt å dela...
Men nå var det å velge punktum i denna stimen av tekstane hans...
Jo, no veit eg... eg vil legge ut nokon youtube videoar der han sjølv les tekstane sine...

ORMELJOD




DÅ GUD HELDT FEST I FJALER




BENDIK BÅSSMANN


Detta må då ver eit bra punktum på desse ti dagane...