mandag 29. april 2013

Oskar Stein Bjørlykke har eg heilt gløymt av å legge ut...


Midt mellom

Midt mellom fellesskapet og fridomen låg også
angsten. Du ville vera heilt nær og heilt fri.
Eg merka korleis du heldt fast i handa mi,
og rømde.


                     Oskar Stein Bjørlykke

Sikkert ikkje det beste Tarjei Vesaas har skrevet, men dette diktet har betydd masse for meg...




VISE

Vi stod ei natt om våren
framfor eit ore-tre.
Der skar vi inn med kniven
Tvo namn i raude ved.

Og seint om sommarkvelden
i sæterstoga sval,
vi skreiv med kol på veggen
tvo namn og årsens tal.

Når isen la om hausten
På logne Venetjønn,
Vi skreiv tvo namn derutpå
Med kalde skeisejønn.

Om vintren kom i lunden
Ein stein av mørke grjot.
Eit einsleg namn er hoggi der
og lyser Gud imot.

                  Tarjei Vesaas

lørdag 27. april 2013

I dag får det bli ein sang...


I dag har eg funnet fram eit Aslaug Vaa dikt :)


Å eiga

Stundom spør ein:
Kan ein eiga eit anna menneskje?

Når to møtest
i hug og hold
og kjenner seg eitt
so ikkje anna er te -
kjenner seg eitt
i eit augnekast,
i eit lite ord,
i ein tanke,
i hugskot
som fer som kornmod
ivi blødmande engjir -
kjenner seg eitt
i det ein aller nevner
men som er som svalande regn
for solbrend mold.

Når to hev møtt einannan
slik at ikkje anna var te,
slik at dei kjende seg sterkar enn alt
og veikar enn alt,
skjønna berget, so hardt det er,
skjønna blomen, so mjuk han er -
Og stend eismalle att.
Er ein då eismall?
Er ikkje då det andre men'skje med
i kvar rørsle ein gjer?
Ja, kan ein då noko sinn bli einsmall
att?

For enno er men'skje bundne
og veit ikkje kva dei sei
når dei kvistrar til kvarandre:
eg elskar deg.

Fyrst dei hev sagt ordet
rymer dei
som for ein brand dei hev sett på.

Fyrst når to men'skje kan sei til kvarandre:
Gå der du vil,
du er du!
Gjer som du vil,
eg er eg -

Men eg ser vegen din
og eg lyder etter fotefari dine
og eg kjenner din vilje
strøyme gjenom blodet
i javne, rolege pulsslag -

Fyrst då kan to men'skje eiga kvarandre.


                                  Aslaug Vaa

fredag 26. april 2013

Det er få utanlandske lyrikera eg har noko forhold til, men Karin Boye er verdt å gjer eit unntak for...

Du ska tacka

Du ska tacka dina gudar,
om de tvingar dig att gå
där du inga fotspår
har att lita på.

Du ska tacka dina gudar,
om de gör all skam till din.
Du får söka tillflykt
lite längre in.

Det som hela världen dömer
reder sig ibland rätt väl.
Fågelfri var mången,
vann sin egen själ.

Den som tvingas ut i vildskog
ser med nyfödd syn på allt,
och han smakar tacksam
livets bröd och salt.

Du ska tacka dina gudar,
när de bryter bort ditt skal.
Verklighet och kärna
blir ditt enda val.


                     Karin Boye

torsdag 25. april 2013

Det er lite anna enn norsk lyrikk som har fått plass her, for å endre på det så gir eg Heinrich Heine ordet...



Lykken

Lykken - en løs, lettsindig Frøken,
Alltid paa Farten, aldrig bunden;
Hun stryger rask dit Haar fra Panden,
Et Kys maaske - og er forsvunden.

Ulykken derimod, ak den fine,
Ærbare Frue - hun er saa sikker,
Saa tro og kærlig, passer paa dig,
Sætter sig ved din Seng og strikker.

                                Heinrich Heine

tirsdag 23. april 2013

Planen min er å lese Einar Økland i dag, så då må det bli Einar Økland her òg...

Ein er for lite, men ein er nok

Ein er ikkje nok.
To er ikkje nok.
Tre er ikkje nok.

Elleve er også for lite.
Og tolv.
Og tretten.
Ikkje eingong fjorten er nok.

Men femten.
Når femten mann tar tak
i den tjukke jernplata
som er så stor som eit golv
og som det står ein mann på
og spelar trekkspel.
Då løfter dei den
over hovudet som ingenting.

Nå kan du til og med danse oppå.

Og dersom han som spelar trekkspel
verkeleg er ein spelemann.
Då kan også dei femten karane
dei som tok i og løfta
kome oppå og ta seg ein dans.

Ein skikkelieg spelemann er nok.


                                    Einar Økland

mandag 22. april 2013

Eg har endo ikkje posta eit Sigbjørn Obstfelder dikt... bedre seint enn aldri, her kjem eit :)

KAN SPEILET TALE

"Kan speilet tale?

Speilet kan tale!

Speilet skal se på dig hver morgen,
      forskende,
se på dig med det dybe, kloge øie,
      - dit eget!
hilse dig med det varme, det mørkeblå øie:
      Er du ren?
      Er du tro?"

                           Sigbjørn Obstfelder

Ser at eg berre har lagt ut ein Lillebjørn Nilsen sang her... det er litt lite...


søndag 21. april 2013

Før eg kryp til køys så vil eg dele dette Inger Hagrup diktet...



NATTMUSIKK

Den svarte angsten
steg opp fra dypet.
Jeg stod alene
og så meg selv
og kjente draget
mot nederlaget:
Du er fra avgrunnen
likevel.

Inger Hagrup

lørdag 20. april 2013

Dagens dikt er signert Mona Moe



Angst

Hvileløst blikk
søker
i rommet
Hjertet
slår raskere
mens pusten
blir kortere
Magen
vokser i kroppen
Tankene raser
i hodet
Med tårer
kommer
klare intense
bilder
av en fremtid
uten håp
            Mona Moe

torsdag 18. april 2013

KLOKE ORD

Dette råde til Goethe... det nevner både fornuftige ord og dikt... kanskje det er tid for eit knippe vers frå Håvamål...


Vanklok mann
som vankar ute,
det er tryggast han teier.
At lite han veit,
det varest ingen,
utan for mykje han mæler.

Omveg er jamt
til utrygg ven,
om midt i bygdi han bur,
Men beinvegar gjeng
til den gode venen
om han er langt av lei.

Venen sin
skal ein vera ven,
honom og hans ven.
Men med uvens ven
venskap halde
høver kje fagna folk.

Er du halt, kan du ride,
handlaus gjæte,
er du dauv, kan du duge i strid.
Blind er betre
enn brend å vera;
daud mun ein lite duge.

Betre byrdi
du ber kje i bakken
enn mannevit mykje.
Med låkare niste
du legg kje i veg
enn overdrykkje med øl.

Døyr fe;
døyr frendar;
døyr sjølv det same.
Men ordet om deg
aldri døyr,
vinn du eit gjetord gjævt.



Berre nokon små smakebitar av den uendelige visdomen Håvamål serverer oss i verseform :)



DENNE GANGEN ER DET IKKJE MIN FEIL AT EG IKKJE HAR POSTA...

Når internett dett ut midt under songkran feiringa i Thailand, då tek det tid å få det fiksa, men etter 6 dagar er eg endelig på nett igjen, klar til å dele eit Hans Børli dikt :)




Å VÆRE MENNESKE

Å være menneske er en sykdom.
Helbredelse er umulig,
men all vår streben består i
å finne et smertestillende middel.
                                            Hans Børli