onsdag 31. desember 2014

Siste post i 2014 lar eg Olav H. Hauge faa...

Skeiserenn

Du startar i lag med storskridaren.
Du veit du kan ikkje fylgja han,
men du legg i veg
og brukar all di kraft
og held lag ei stund.
Men han glid ifrå deg,
glid ifrå deg, glid ifrå deg -
Snart er han heile runden fyre.
Det kjennest litt skamfullt med det
same.
Til det kjem ei merkjelig ro yver deg,
kan ikkje storskridaren fara!
Og du fell inn i di eigi takt
og kappstrid med deg sjølv.
Meir kan ingen gjera.

Olav H. Hauge

torsdag 25. desember 2014

fredag 19. desember 2014

Tid for nokre linjer av Tor Jonsson igjen...




TVILEN

Eg trudde at tvilen bar skaparkraft i seg.
Eg bygd eit tempel og dyrka han der.
Eg bad han om frelse frå formløysa i meg.

Eg sådde ein åker og bygde ei løe.
Men tvilen slo inn, - og så vart det haust.
Ein haustder det heilage vemod var grøde.

             Tor Jonsson














torsdag 18. desember 2014

"Hva jeg leter etter" av Halldor Skard er diktet eg fann fram i dag...


Hva jeg leter etter

Hva jeg leter etter
er noe mer
enn jeg kan oppdage alene.
En ekstra fantasi.
Jeg håper på nye signaler -
en rytme og melodi
som passer til min.

Det jeg søker
er noen ord
å leke sammen med.
Tanker å fly med.
Jeg ønsker at dine og mine farger
skal flyte sammen
til bilder fulle av lys.

Halldor Skard

søndag 14. desember 2014

Her kjem nokre linjer skrevet av Oskar Stein Bjørlykke



Åndeleg fattigdom

Heretter finst det ikkje
lenger åndeleg fattigdom

Heretter finst det berre
dom over den fattige ånd

som seier at den fattige
har si rike ånd å ta vare

på, medan den rike må vere
fattig i ånda for å kunne

ta vare på sin rikdom.

Oskar Stein Bjørlykke

tirsdag 9. desember 2014

Svensken Göran Hansson har skrevet dagens dikt....

 En tanke

Med vinden blåser min
enda tanke bort.
Tomhet,
älskade tomhet.
Att vara full av storm
och sedan ingenting.

Vila, en källa till vila
med öppna ögon.
Drömmar,
närande drömmar.
Sedan vaken från stiltje
mot verklighetens ljus.

Må stormen alltid skapa
vindil runt min
surrande uppriktighet
och resa mitt fundament
så att det inte rasar samman
och att min vilande tanke
bara just blir

en tanke.

Göran Hansson

mandag 8. desember 2014

Gunvor Hofmo har ikkje fått den plass ho fortjener i denne bloggen...


Sånn løper

Sånn løper dine dager
som ekornet fra tre til mark
og til tre igjen
fra blomstring og til de nådeløst
visne marker.

Gunvor Hofmo

søndag 7. desember 2014

Einar Økland har eg ikkje lagt ut så mange dikt av...


Trøstedikt for dei som treng det

Gi ikkje opp,
du som er gift
og framleis er glad i dei glatte
og faste og slanke og brune og lang-
eller korthåra jenter
med heilt ufarlege fall mellom låra.

Kanskje er også di kone vakker.
Gi ikkje opp.

Kanskje er du også stygg.
Gi ikkje opp.

Kanskje har du den største glede i senga
av alle som sit eller står på trikken.

Opp mellom folks føter er heile verden
ein annan verden,
som liknar vår
til forveksling.

Den er ikkje berre god.
Der er ikkje berre godt å leve.
Der er trongt eller einsamt, for varmt
eller kaldt,
og den største
urettferd rår.
Der er høge skattar og låge innkomer,
arbeidsløyse, for mange barn og elendig helsestell der.

Ja, mellom folk føter er også skolestellet elendig,
nesten som i eit utland.
Segregasjon og språkvanskar, slit og forkjøling
mellom alle folks føter.

Alle vil bu der. Prisane stig.
Snart må ein stå. Blir det likt for alle?

Likevel.
Du som er gift og har meir
lyst på jenter enn plassen tillet,
gi ikkje opp!

Kanskje er også di kone under
ein framands oppsikt.
Og ein dag eller seinare nå
vil du møte henne
ein ukjend stad
nesten åleine
i blomstrande kjole
med opningar overalt.

Einar Økland

fredag 5. desember 2014

I dag er ein slik dag som kun kan startast med Trine si nydelige stemma...

TIDEN GLEMMER
TRINE STRAND




Tor Jonsson er ein av mine store favorittar... eg er glad i det dystre, mørke...


Fossen

Døden ropar på alle.
Dagen er tung av strid
mot mektige dragsarmar,
tung av tid.
Er ror imot straumen, men fossen ropar.
Armane dovnar og båten driv -
Fossen skal stå som eit utropsteikn
etter mitt liv -

Eg vender augo mot fossen
og regnbogen over.
Det er som ein veldig kyrkjekor.
Eimane stig - det er presten som signar
den arme jord.

Eg strir imot dragsog og dunde krefter,
men kan ikkje snu.
Mi trøyst i døden er draumen,
draumen om dagen da mennesket skaper
regnbogen om til bru -

Tor Jonsson

onsdag 3. desember 2014

Edith Södergran har skrevet diktet eg legg ut i dag...


INGENTING

Var lugn, mitt barn, det finnes ingenting,
och allt är som du ser: skogen, röken och skenornas flykt.
Någonstädes långt borta i fjärran land
finnes en blåare himmel och en mur med rosor
eller en palm och en ljummare vind -
och det är allt.
Det finnes icke något mera än snön på granarnas gren.
Det finnes ingenting att kyssa med varma läppar,
och alla läppar bli med tiden svala.
Men du säger, mitt barn, att ditt hjärta är mäktigt,
och att leva förgäves är mindre än att dö.
Vad ville du döden? Känner du vämjelsen hans kläder sprida
och ingenting är äckligare än död för egen hand.
Vi böra älska livets långa timmar av sjukdom
och trånga år av längtan
såsom de korta ögonblick då öknen blommar.

Edith Södergran


tirsdag 2. desember 2014

Her kjem eit Jan-Magnus Bruheim dikt

GJEV MEG EI STUND MED STILLE


Gjev meg ein dag med stille.
Der solblanke, blide
båror går mot mi kyst.
Lat det bli fred, der dei ville
stormane bryt i mitt bryst.

Gjev meg ei stund med stille.
Før meg attende
frå uver og ilt.
Heim til det mogne og milde
Lat alt bli stilt.

Jan-Magnus Bruheim