mandag 26. januar 2015

I dag var eg tom for idear til kva dikt eg skulle poste, så eg lot latskapen velge dette... fekk det tilsendt her om dagen, så det låg lagligast til...



Det å savna

Det er eit privilegium
å kjenna savn.
Vondt, ja
og tungt.
Men det fortel 
om ein nærleik
som var.
Om varme, lys 
og latter.
Det å savna er 
den andre sida 
av det å ha fått.
Å ikkje kjenna 
savn, ville vera å
aldri ha elska.

Bente Bratlund Mæland 

søndag 25. januar 2015

Ny dag og eg har funnet fram eit svensk dikt...




Angår det dej kanske
vad jag gør?
Och vad jag tænker?
Angår det mej kanske
vad du gør?
Och vad du tænker?
Angår vi varandra kanske?
Du och jag och alla vi
som råkar leva hær
just nu
och som det hænger på 
hur det ska bli i værlden
Angår vi varandra kanske?
Kanske det ja 
Kanske

Ingrid Sjøstrand

lørdag 24. januar 2015

God morgen... her kjem nokre linjer av Gene Dalby...



I angst

I angst
Har jeg sett deg trekke pusten
For å hoste blod

I angst
Har jeg holdt pusten
For å hindre hjertet i å slå

I angst
Har jeg kysset
For å dempe skriket

Gene Dalby

torsdag 22. januar 2015

Olav H. Hauge er alltid ein god start på dagen, i dag kikka eg i samlinga Spør vinden for å finne eit dikt...

EG SIKTAR LITT YVER

Ei pil som skal råka, kan ikkje gjera
mange krokar. Men ein god skyttar
reknar med fråstanden og vinden.
So når eg siktar på deg, siktar eg litt yver.

Olav H. Hauge

onsdag 21. januar 2015

I dag veit eg ikkje kven sine ord eg vil legge ut... hmm... jo... det er tid for eit barne dikt igjen...

Mors gode råd

Og ikkje putt
erter i nasen
mens eg er borte!
sa mor vår og gjekk

Det hadde vi aldri
tenkt på før, så
det gjorde vi

Marit Tusvik

tirsdag 20. januar 2015

I dag tenkte eg at Arne Hjeltnes skulle få sleppe til...

 Slik eg ser det

Det er sikkert dei
som grublar på renter,
medan andre er ute
og dansar med jenter.

Det er sikkert dei
som høyrer talar av Gro,
medan andre syng songar
på ei koselig kro.

Det er sikkert dei
som vil opp og vil fram,
medan andre er galde,
når dei kan dela ein dram.

Det er sikkert dei
som brukar tida nyttig,
som ikkje har snubla
sidan åtteogsytti.
Dei er sikkert smarte,
dei er sikkert best,
men aldri om eg ber
dei heim på ein fest.

Arne Hjeltnes

mandag 19. januar 2015

Eit litt muntert Olav H. Hauge dikt har eg henta fram i dag...

  Sju vindar

Sju vindar, sju vindar

sulla og song.

Sju vindar, sju vindar

fann himmelen trong.

Sju vindar, sju vindar

møttest i kast.

Då vart det runddans,

då rauk det kvast!

Sjun vindar, sju vindar

skilde lag.

Og alle vindar

søv i dag.

Olav H. Hauge

  

søndag 18. januar 2015

Lenge sidan eg la ut eit Kolbein Falkeid dikt...

Landet som aldri var

Men hvem sa at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt
på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?

Hvem sa at livet vårt
skulle være lett å bygge ferdig?
At mursteinene var firkantede ballonger
som føk på plass av seg selv?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?

Det var piller for alt: nerver,
vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene
støtt var kjørbare? At fjellovergangene
aldri snødde til? Og at nettopp vi
skulle slippe å stå fast i tunnelen?
Ja, hvem sa det?
Hvor i all verden hadde vi dét fra?

K Falkeid

lørdag 17. januar 2015

«Bilete med bakgrunn» som Jan-Magnus Bruheim gav ut i 1957 har fleire gullkorn...

Koma ein kveld ?

Ein kveld skal du leite
fram til ein stad
du aldri har vore før.
Fumle deg fram til huset,
opne ei dør –

Stå der og stryke
med blinde fingrar
over ting
som du ikkje kann sjå.
Veta dette:
Det er i kring deg
og til å nå.

Koma frå alt du veit,
inn i eit ukjent rom.
Sitja ei anings stund
og vente.
Og vera tom.

Koma ein kveld
til eit framandt hus,
når vegen er gått til ende.
Fumle med hendene –
ane det usedde
som ei kviskring.
Finne eit ljos
– og tende.

Jan Magnus Bruheim


fredag 16. januar 2015

Sjølv om eg foretrekk Ragnar Hovland i roman eller novelle form så har han nokre dikt eg virkelig likar...

 Døy

Ein må ikkje døy.
Og skal ein likevel døy,
må det skje langsamt,
over lang tid,
og utan smerter,
slik at når det ein
dag verkeleg skjer,
så merkar verken du eller vennene dine
noko som helst.

Ragnar Hovland

torsdag 15. januar 2015

Eg har funnet fram eit av Andre Bjerke sine dikt i dag...


VINDPUSTET OG STENEN


Et vindpust hadde
en sten som venn.
Den så henne ikke;
men hun så den.

De hvisket om så meget
til felles glede:
den lette der oppe,
den tunge der nede.

De hvisket om vennskap
som aldri kan ruste.
”Du er så usynlig!”
sa stenen til pustet.

”Men hvisket ditt er som
en sang av sirenen…”
”Akk, du er så synlig!”
sa pustet til stenen.

”Og aldri kan stener
og vindpust forenes:
Sten kan ikke luftes
og luft kan ikke stenes.”

”Men likevel har du
en gave å gi meg,”
sa stenen til pustet.
”Fly alltid forbi meg!”

”Og du har en gave,”
sang pustet av sommer
tilbake til stenen
”Ligg fast når jeg kommer!”

Et par ble de aldri;
men verden forsøtes
av vennskap når stenen
og vindpustet møtes…

Andre Bjerke

tirsdag 6. januar 2015

Det kan ikkje bli for mykje Tor Jonsson...


  Å DIKTE Å dikte er å vera det vesle som ein vart og sleppe kvite fuglar ut i nattesvart. Å leva er å vera det store som ein er og stå i einsleg undring og høyre fuglar flyge inn frå ukjend verd. Tor Jonsson



















mandag 5. januar 2015

Diktet eg har funnet fram i dag er skrevet av Britt Karin Larsen...

Muren

I livet ditt ble ilden forbudt
så det fins en  varme du aldri skal kjenne

fins hender som aldri skal røre deg
frihet som aldri skal   streife deg for

angsten er din og
kulden og
muren du hamret mot
hamrer mot

Britt Karin Larsen

søndag 4. januar 2015

Her kjem ein sang...

KARI BREMNES
DENNE VEIEN



I dag fann eg ein kar eg ikkje har posta noko av tidlegare....

Kunsten å teia nok

Han hadde sagt 
Sitt siste ord

Sprang vekk, ut
Gjennom ryggen

Innover myrene
Inn i skogen 

Heilt til han
Likna seg sjølv

     Sigurd Helseth

fredag 2. januar 2015

I dag kjennes det ut som det som ein Anne Grete Preus sang er beste starten paa dagen...

ANNE GRETE PREUS
MILLIMETER





"Eg er sorg og glede" av Tor Jonsson er diktet eg vil dele i dag...

EG ER SORG OG GLEDE

Skap meg ikkje om med skugge.
Eg vil vera den eg vart.
Eg er sorg i kvite klede,
eg er gleda kledd i svart.

Skap meg ikkje om med glede.
Eg vart den eg ville bli:
Konge i eit ukjent rike,
slave i mi eiga tid.

        Tor Jonsson

torsdag 1. januar 2015

Olav H. Hauge fekk siste ord i 2014, saa med "Frostskadd apal" lar eg han starte 2015 og...

Frostskadd apal

Gud vite kva som kom åt deg,
stakkars skrøpelege krake,
som berre vil bløma og bera
og stå og luva på rot.
Dei hine renn ljose og rake,
men du gjeng heller tilbake
og kryler deg marki imot,
brodda med sporar og spjot.
Varsamt løyser eg torva
og høgg av ei rot med spaden.
Inni er berre svartved
etter ein kuldebolk.
Løynleg du leid av skaden
og sturde i svellande svaden
halvt millom liv og daude
og stod der til spott for folk.
Sparsam jordsogi sevje
og tungvunne salt i auren
du gøymde i sella og knytte
i duld til kvilande knupp.
Svarte var åri, og mauren
jakta på lus i lauvet,
til knuppane braut ein vår
og armodi lyste upp.
Merkt, og minna um døden
vaknar livet i angest
som det har lenge sove
framfor sin undergang…
Armaste livet gøymer
ein draum attum hjarteblad.
Såri til ulivs samlar
den rotskadde apalen saft
til frukter med rike kjernar.
Og skalden samlar kraft
og høgg sine syner i laft
i endå eit siste kvad.

 Olav H. Hauge