onsdag 11. november 2015

Legg ut eit vestlandsdikt før eg tar kveld...


Vestlandet i meg

Gje aldri uttrøkk for ka du føle, trur og meina
d’e så toskje, vettu, å meina ting åleina,
så ser eg noko løye og får så løst å le,
så ser eg føsst på andre før eg våga la det skje.
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg, det.

Snakk adle itte munnen, og skryt di opp i veret,
og smisk og smil og nikka – iallfall te di fere.
Eg stryke folk med håro te di snur ryggjen te,
då kan eg leggja ut om ko søndige di e.
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg, det.

Det venta alltid straff nå’ du ha det kjekt og løye
og knirka litt med sengjo elle hoppa litt i høyet.
Viss eg ein gong imjødlo bler nødde te å gle
meg øve livet, så vett’eg eg må him og be
Det e Vestlandet i meg.
Det e Vestlandet i meg, det.

Forsyn deg mens du kan, for du vett’kje om det vare,
og kjeme flasko fram, då bør du lukta fare.
Nå’ andre tar seg éin, som di sete lengje med,
då hiv’eg innpå fira og lar di renna ned.
Det e Vestlandet i meg.

Det e Vestlandet i meg, det.

Ingvar Moe

tirsdag 10. november 2015

Det er nesten eit år sidan eg la ut noko av Einar Økland, det er for lenge...


Graset i hagen må vekk, seier mor

Graset i hagen må vekk, seier mor

Frosken
den tosken
sat nedi hagen.
Der blei han hoggen
tvers gjennom magen
- av mor sin nyslipte ljå.

Mor mi sa:
Det var ikkje bra.
Men frosken
den tosken
blei glad.

Tusen takk for visitten!
sa han,
og opna seg høfleg på midten.

Mor sa:
Eg har så vondt for å sjå.
Og heldt fram med å slå.

Ein møter så mangt i hagen

sommarsdagen.

Einar Økland

På høgtid med nokre Marie Takvam ord...

Det djupaste knefall

Eg vil danse.
Eg vil danse for deg
i skinet frå natt-lampen.
Kjolen løyser du av meg
og håret skal falle fritt.

Eg vil danse ein ung dans
etter songen inne i meg
og til tonane frå spana strenger.

Du skal vere nær.
Du skal falle på kne
ved føtene mine.

Du skal liggje på kne
i halvlyset,
lenge.

Ein mann på kne
for ei dansande kvinne:
Det djupaste av alle knefall –

og det vonfullaste.

Marie Takvam

søndag 8. november 2015

I natt vil eg legge ut eit av barnedikta til Halldis Moren Vesaas...


Tøysevers om katten

Eg sette brillene på min katt, san,
for at eg betre skulle kjenne´n att, san.
Men katten sa at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
Nei, å nei, å nei, å jaså,
nei, å nei, å nei, å jaså.
Men katten sa at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.

Så tok eg brillene av min pus att,
og da tok katten seg straks ei mus att.
Da skjøna eg at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.
Nei, å nei, å nei, å jaså,
nei, å nei, å nei, å jaså.
Da skjøna eg at det er reint umogleg
å bruke briller på musejakt.

H. M. Vesaas

På tide med eit av Vinje sine dikt igjen...


Livet er godt

God på sin vis
må kvar vera funnen.
Aldri eg fann
nokon syndig i grunnen.

God på sin vis
visst kvar ein må vera.
Naud må der til
når vondt han skal gjera.

Kvar på sin vis
si sæla vil vinna,
alltid han leitar,
men sjeldan kan finna.

Den som med hat
frå livet seg vende,
livet til gagns
rett aldri han kjende.

Aa. O. Vinje

torsdag 5. november 2015

Kvil i fred Nora Brockstedt


Nora Brockstedt
Voi Voi



Ola Jonsmoen har skrevet eit dikt eg er veldig glad i...


Dagen, vinden og hjartet

Barnet seier:
Eg har livet,
gjev meg lyset.

Hjartet spør vinden spør dagen.

Dagen svarar:
Eg har lyset,
gjev meg livet.

Barnet seier:
Eg har auge,
syn meg verda.

Hjartet spør vinden.

Vinden svarar:
Eg eig verda,
gjev meg auge.

Barnet seier:
Eg har kjærleik,
lær meg elska.

Hjarte, no mitt hjarte!

Hjartet svarar:
Barn, her er eg.
Du skal veksa.

Ola Jonsmoen

I dag var målet å finne ein forfattar eg ikkje har lagt ut tidlegare... og det fann eg...


Skrift i sand Vi er berre skrift i sand, og likevel, bror min, likevel noko høgt over all forstand. Alle har vi eit kall. Nybrotet, smia, kjøkenbenken, alt krev ein slitar og skald. Nytt vel ut di dyre stund. Den dag er nære då all din lengsel er metta med mold i munn. Du er vel ein namnlaus ein. Men hugs, der du er, er du ambassadøren, ein kongeleg ærendsvein. Olav Gullvåg