søndag 17. januar 2016

Ei stund sidan eg posta eit barnedikt...


Vepsen 


I stripet badedrakt
og ør av dødsforakt
flyr den med hevet spyd
midt i sin egen lyd.

Et ondt og giftig stikk
det korte øyeblikk
av salig raseri.
Og så er alt forbi.

Inger Hagerup

På tide med eit dikt av Halldis Moren Vesaas igjen...


Nei eg får aldri nok

Nei eg får aldri nok,
nei eg blir aldri fulltrygg
på at du verkeleg er her.
Her er mørkt så eg ser deg ikkje
du søv så du høyrer meg ikkje,
men varm er din kropp mot min, og nær.

Hendene mine kan ikkje nok
få visst: ja det er du!
Armane mine som femner din svevn
hungrar enn etter deg
og kan ikkje si lykke tru.
Munnen har kyss og ord
å strø ut over deg no med du søv
som blomar ned over eit mørkt rom,
kviskrar: er det du?
kysser: ja det er!

Din nærleik er regn over tørst jord.
Endeleg kom det, ei vårnatt skum og mild,
og no ligg all jord og berre drikk,
open og blind og still,
kan ikkje enn på si signingsstund tru,
kviskrar imellom dei lange tørste drag:
meir, meir, meir!

Halldis Moren Vesaas

fredag 15. januar 2016

Her kjem eit dikt av Arne Hjeltnes...


Evig din


PC'en min - eg ser på deg

du blinkar blått.

PC'en min - eg treng deg,

me har det godt.

PC'en min - eg brukar deg,

som ei gudinne.

PC'en min - eg ber til deg,

du har stort minne.

PC'en min - eg klemmer deg,

du gjer meg sterk.

PC'en min - eg kysser deg,

eit underverk.

PC'en min - eg søv med deg,

du er alt eg har.

PC'en min - eg elskar deg,

du vert mor, eg vert far.

For til neste vinter,

då får me printer.


Arne Hjeltnes

Ny dag, nytt dikt, denne gang signert Herbjørg Wassmo...


ENSOMHET

Ensomhet har ansikt
med furer
du ikke alltid ser
Personlige usynlige
skal de være

Når noen glemmer
å trekke masken over
snur vi oss brydd
kjenner igjen
vårt eget ansikt

H. Wassmo

Alt, alt forlenge sidan eg har posta, så her kjem eit Kolbein Falkeid dikt...


JEG FINNER NOK FRAM

Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok fram.

Kolbein Falkeid