lørdag 29. oktober 2016

Har funnet fram eit dikt av Bjørg Vik i dag...


Vi vet et hus med lyse rom
som ingen skal få lukke
minnets rom er fylt av lys
som ingen sorg kan slukke

Vi har et sted med bilder i
bak øyets klare hinne
i hjernen og i hjertets vev
der bor vårt felles minne

Vi vet et liv som lever her
i nervetråders spinn
og folder ut en billedvev
på veggen i vårt sinn

Vi vet en brønn av sorg og savn
men sorgen har en bunn
fra den gror nøkkeroser opp
som smil på tjernets bunn

De bretter ut sin glede
og strekker mange hender
med skåler fylt av lys og ånd
ved minners lange strender

Vi vet en vårlig blomstereng
med maigull og fioler
som kjemper hardt mot skyggene
og tror på hundre soler

Jeg vet en tapper plante
som trasset is og snø
som strakte seg mot lys og luft
og sådde tusen frø

Bjørg Vik

fredag 28. oktober 2016

Stein Mehren må nå vel ver ein god start på dagen...


Jeg holder ditt hode

Jeg holder ditt hode
i mine hender, som du holder
mitt hjerte i din ømhet
slik allting holder og blir
holdt av noe annet enn seg selv
Slik havet løfter en sten
til sine strender, slik treet
holder høstens modne frukter, slik
kloden løftes gjennom kloders rom
Slik holdes vi begge av noe
og løftes
dit gåte holder gåte i sin hånd

 Stein Mehren

torsdag 27. oktober 2016

Vart overraska og litt små irritert på meg sjølv når eg nett oppdaga at eg faktisk ikkje har lagt ut mitt favoritt Jan Magnus Bruheim dikt...





Um å bera

Skapte er vi te bera
og lette børene for kvarandre.
Til fånyttes lever ingen.

Men våre eigne bører
skal vi bera åleine.

Stor og verdfull er sorgi
som ikkje kan delast av andre.
Men fatigsleg, liti og arm er den glede
som du vil ha åleine.

Hjelpelaus er den
som ikkje har nokon å hjelpe,
og vera god mot.

Lik tre utan sevjestraum
turkast han inn – –

Den mannen ber tyngste børi
som ingen ting har å bera.

 Jan Magnus Bruheim

onsdag 26. oktober 2016

Ferdig for denne gong med Tor Jonsson som forfattar, men... Eit år etter at Tor Jonsson tok livet av seg skreiv Jan-Magnus Bruheim dette sterke diktet...

VENETAPE

Ei uro jagar mellom von og misvon –.
Han lever ennå. Her må skje eit under!
Men venskap bergar ingen mann. Vi er åleine
på ytste øy i våre tyngste stunder.

Det slokna ljos mot gryet. Aldri skal
ditt hovud meire reise seg frå pute.
Uverkeleg og ørskegrå står dagen
med tunge augnelok mot blinde rute.

Eit hjarte slutta slå sin tunge blodkolv
og livet stupte under krav og kross.
Og døden kom. Han lyfte krossen upp att
og la han teiande og tungt – på oss.

Den fyrste dag – og alle dagar går.
Det snøar ute. Og eg står her inne
og ventar stilt. Men snø fell aldri over
det nakne stjernehimmeldjup av minne.

Det bankar nattetid. Det opnast dører.
Og alt som hender – det er nå det hender.
Det snøar på ei grav. Det er som frøyste tåror
or himmelauga over våre grender.

Eg står her framfor stengt, og kallar på deg
frå eisemdstrandi ved den stille sjøen.
Og ropet bryt or djupet: Kom attende!
Men venskap vekkjer ingen upp fra døden. 

Jan-Magnus Bruheim

søndag 23. oktober 2016

Dag 10 av 10 med Tor Jonsson dikt...



NORSK KJÆRLEIKSSONG

Eg er grana, mørk og stur.
Du er bjørka. Du er brur
under fager himmel.
Båe er vi norsk natur.

Eg er molda, djup og svart.
Du er såkorn, blankt og bjart.
Du ber alle voner.
Båe er vi det vi vart.

Eg er berg og naken li.
Du er tjønn med himmel i.
Båe er vi landet.
Evig, evig er du mi.

Tor Jonsson





 

lørdag 22. oktober 2016

Dag 9 av 10 med Tor Jonsson dikt...



VILL-GURI

Vill-Guri danse med' fela syng,
danse i lund og danse i lyng!
Dans over fjellet i sumarkvelden!

Vill-Guri, gløym dine hjartesår,
du som har solgylt glitter i hår!
Gløym du er fattig i denne kvelden!

Gløym du er heimlaus på framand gard!
Gløym bort alt vondt som er og som var!
Skirsumarnatta er mi og di.

Livet du fekk er som solglytt i sky
med skodde og grinande gråver på ny.
Dans over fjellet i sumarkvelden!

Tor Jonsson 

fredag 21. oktober 2016

Dag 8 av 10 med Tor Jonsson dikt...



DAGEN

Dagen er Guds andlet.
Alltid er Gud glad.
Om nettene ber vi ein stillare dag
djupt i oss sjølve ein stad.

Ubundne er vi alle,
frie til flog eller fall.
Dagen er alltid nær oss
når stjernene skin på vår fødestall.

Tor Jonsson 

torsdag 20. oktober 2016

Dag 7 av 10 med Tor Jonsson dikt...



TIL GRÅGRENDA

Ei gåve du gav meg, du grend av det gråe:
Viljen til strid,
striden for meg
og dei andre småe,
- for alt det som lid.

Min ungdoms solhug og opprør er gåva,
grenda meg gav.
Mørkaste natt,
du har lova livet
ein glans over grav.


Eg ventar. Ventar til vardane vitrar
gjennom vår natt,
I det gråe glitrar
vår dyraste skatt -

Tor Jonsson





tusenårsnatt -
 

lørdag 15. oktober 2016

Dag 6 av 10 med Tor Jonsson dikt...



UFØDD GUD

Det ligg eit frø i hjarta.
Men hjarta er av is.
Frøyet er din løynde draum
om paradis.

Det brånar is i elden.
Og elden brenn og brenn -
Livet andar glede inn
i gode menn.

Vi går mot heilagdomen
i jordisk kyrkjeskrud.
Livet er ei lengsle mot
ein ufødd gud.

Tor Jonsson 

torsdag 13. oktober 2016

Kvil i fred Rama IX Kong Bhumibol Adulyadej


Sidan verda i dag fekk nyheten om at den populære kongen av Thailanad har sovna inn så tenkte eg at eg fekk ta ein pause frå Tor Jonsson dikt og heller legge ut ein musikk video av kongen av Thailand, han var ein fantastisk konge, ein kunnskapsrik, klok mann og ein dyktig komponist og musikar.

Kvil i fred kong Bhumibol Adulyadej


onsdag 12. oktober 2016

Dag 5 av 10 med Tor Jonsson dikt...



JARNNETTER

Tyngst var den lange natta
da ingen kom.
Men jarnnetters sorg i mitt hjarte
talar eg aldri om.

Jarnnetters sorg for henne
eg aldri fann,
er tagal om sorga frå alle
usæle armodsland.

Jarnnetters sorg i verda
har aldri dag.
Min elskhug har berre mitt eige
einslege hjarteslag.

Tor Jonsson 

mandag 10. oktober 2016

Dag 4 av 10 med Tor Jonsson dikt...


KVEN KVISKRAR

Kven kviskrar bak ordet?
Kvi støkk det attende
ved grensa til avgrunn
og ukjende lende?

Dikt dirrar mot grensa 
og blør og blør - 
Kven kviskrar i diktet
og spør og spør?

 Tor Jonsson

Dag 3 av 10 med Tor Jonsson dikt...




SANNINGSLEITAREN

Det finst ikkje sanning i all min song,
men berre ei von om å finne ein gong.

Kva sanning eg fann var lite å ha.
Men lygnene kan eg polera bra -

No veit eg det finst ikkje låm og lei.
Sanninga bur mellom ja og nei.

Så vonløyseveikt, så sant og visst
talar ein sanningsleitar til sist.

Tor Jonsson 

tirsdag 4. oktober 2016

Dag 2 av 10 med Tor Jonsson dikt...




BILETET

Ver still, sa lagnaden,
her vil eg måle
biletet ditt under ei gulna bjørk.
Fjellet var bakgrunne.
Fossen var nær meg.
Lagnaden måla meg mørk.
 
Eg hatar mitt eige bilete,
det som lagnaden måla
den lange likbrenningshausten.
Lagnad, du skulle venta 
heilt til stjernene stråla -

Tor Jonsson

mandag 3. oktober 2016

Det er tid for å gi ein av mine store favorittar litt av den oppmerksomheten han fortjene...




Me er i 2016... I år er det 100 år sidan Tor Jonsson vart født... Rett nok er det nokre månader sidan fødselsdags datoen, han var født 14 mai 1916... Men sidan eg ikkje nytta anledningen då til å poste mengder av Tor Jonsson, så tar eg det nå... Får kanskje begrensa meg til 10 dagar 10 Tor Jonsson dikt...
Skal prøve å ikkje berre poste det aller best kjente... Her kjem dikt 1 av 10...





KLAGAR DU

Klagar du livet for gråe dagar,
umetta magar,
sorger og sår?
Verst er å gå frå usådd åker 
og ufødd vår.

 Tor Jonsson

søndag 2. oktober 2016

Sjølv om Tor Ulven ikkje er ein av forfatterane eg les oftast fortjene han faktisk meir plass enn eg har gidt han...



Minutter

Minutter, kanskje timer
av din eksistens

som du har glemt,
men som jeg

husker. Du lever
et hemmelig liv

i en annens minne.

Tor Ulven